Notanaust-quiz 2026
Stad: Notanaustet i Steinsvika
Når: 18.07.2026 kl.18:00
Det vert quiz i Notanaustet i Steinsvika i Indre Dalsfjord også sommaren 2026! Set av dato og tid: 18. juli kl 18.00. Det vert ein heil del spørsmål om smått og stort, nært og fjernt. Alle er velkomne. Det er inga førehandspåmelding. Berre møt opp og finn deg eit bord. Max 6 personar per lag og deltakaravgift 50 kroner per pers. Førstepremie er ei fruktkorg! Overskot går til trivselstiltak og oppgraderingar i Notanaustet. Etter quizen vert det høve til å vere att og slå av ein prat med grannar, bygdefolk og lokale skjemtegaukar utover kvelden. Ta med eigen drikke og proviant. Vi håper på like fint vêr og god stemning som det har vore dei tre siste åra!
Er det noko som ikkje stemmer? Gi tilbakemelding.