Bygdles - Siste sjanse (fredag)
Stad: Folkestad Kulturhus
Når: 13.11.2026 kl.18:30 - 14.11.2026 kl.01:30
20 år etter den aller første Bygdles-framsyninga blir dette siste sjanse for oss alle. Dei som kjenner Bygdles-universet på Folkestad, veit at dei får kjære hits frå eit par tiår tilbake. Men med heilt nye tekstar og på eit målføre nær Folkestad-ferja. Og ikkje minst fullrigga Folkestad-musikalitet. Eit teaterstykke som minner om konsert – om det ikkje er omvendt. Ei soge om Bygdles-karane frå Folkestad som alltid får nye inn- og utgangar, men som liknar aldri så lite om dei meir kjende Beatles-gutane frå Liverpool. Denne gongen startar det heile i sjukesenga og ender på Manhattan. Eller i Sollida øvst i Folkestad-bygda. Du må ta turen for å få svaret. Og dette er faktisk siste sjanse både for dei på scena og oss andre. Hausten 2005 byrja dette eventyret. I november i år tar det slutt. Med eit pang! Bokstaveleg talt.
Lenke: https://tikkio.com/events/65414-bygdles-siste-sjangse
Er det noko som ikkje stemmer? Gi tilbakemelding.